Aktuelt frå kommunen

Julekonsertar 2016

Julekonsert i Hålandsdalen kyrkje 1990 med Eikelandsosen/ musikkor (LHA) - Klikk for stort bilete

Søndag 4. desember er tid for årets første julekonsert i Fusa. Den vert halden i Hålandsdalen kyrkje kl 19.00. Julekonsertar i kyrkjene i Fusa har vore ein tradisjon tilbake til 1950-talet.

I Hålandsdalen kyrkje kan du søndag 4. desember høyra Hålandsdal musikklag, Kammerkoret Takt og tone, songtrioen Shofar med fleire. Det vert også ei enkel andakt. Slik tradisjonen er vert det kollekt til inntekt for Kirkens nødhjelp ved utgangen.

Neste julekonsert vert i Strandvik kyrkje søndag 11. desember kl 19.00. Her medverkar Holmefjord musikklag, Strandvik blandakor, mannskoret Credo, kantor Iman de Zwarte med fleire.

Konsertane er eit samarbeid mellom Fusa kulturkontor, Fusa sokneråd og lokale kor og musikklag.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 01.12.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30