Aktuelt frå kommunen

Jubileumsutstilling for Holdhus barnehage

Holdhus barnehage 40 år - Klikk for stort bileteHoldhus barnehage 40 år

Holdhus barnehage er 40 år i 2016. I desse dagar er det ei jubileumsutstilling i Kommunetunet som fortel om barnehagekvardagen og ikkje minst får borna vist sin kreativitet i fargesprakande og flotte arbeid.

Utstillinga er frå før vist på Holdhus, men no har dei unge kunstnerspirene innteke Fusa kommune sitt galleri i Glasgato på Kommunetunet.

Fellesprosjekt
I følgje styrar Turid Skjelbreid Grimstvedt arbeider dei mykje med fellesprosjekt og i utstillinga er det fleire døme på slike kollektive arbeid dei har løyst i lag. Barnehagen er gjerne organisert i grupper som har sine vekslande tema dei utforskar som kreativitet, leik, språk, realfag og natur/ friliftsliv. I utstillinga kan du lesa deg opp på korleis barnehagen jobbar med fagplanar og progresjonsplanar.

Borna får sjølvsagt også høve til å laga sine eigne ting og i utstillinga er det fleire døme på slike små kunstverk i friske fargar og artige motiv.

Barnehagen har mange vener
I fotomontasjane frå barnehagekvardagen er det også avbilda born som i dag har gått vidare til skulen. I følgje Turid er det berre kjekt når dette er ei jubileumsutstilling. Mange har eit forhold til barnehagen vår, enten dei har gått der sjølv eller dei har vore føresette. Gjennom 40 år har det også vore arbeidsplassen for mange og sjølv har Turid vore tilsett sidan 1989.

Fusa kommune gratulerer med jubileet. Utstillinga vil stå ut året og er tilgjengeleg i Kommunetunet og Fusa folkebibiliotek si opningstid.

Fotomontasjar frå barnehagekvardagen Holdhus barnehage 40 år Jubileumsutstilling i Glasgato Kreative hender Styrar Turid Skjelbreid Grimstvedt Uro med ull Utstilling i Glasgato Å venta på tur
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 24.11.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30