Aktuelt frå kommunen

Jubileumsfeiring i Jettegryto barnehage

20-årsjubileumsfeiring med utandørs juletregang i Jettegryto barnehage. - Klikk for stort bilete20-årsjubileumsfeiring med utandørs juletregang i Jettegryto barnehage. Jettegryto barnehage 6. desember var det 20 år sidan Jettegryto barnehage i Eikelandsosen opna dørene for små og store barn. Det vart feira med oppussing, julefrukost, song, utandørs juletregang og nissebesøk. 

Første kommunalt bygde barnehage

6. desember 1993 flytta Eikelandsosen barnehage og Tanntrollet barnehage inn i den første kommunalt bygde barnehagen i Fusa, og for første gong kunne barn under 3 år få barnehagetilbod. Sidan då har dei fleste barna i Eikelandsosen hatt mange år i Jettegryto barnehage, og barn frå alle bygdene i Fusa har vore innom, fortel styrar Kjellaug Skage Raunsgard.

Oppussing

I løpet av hausten har foreldra og personale hatt måledugnad i barnehagen. FAU ønskte å gje barnehagen ei ”ansiktsløfting” til 20-årsjubileet. Alle dei store romma har blitt lyse og fine etter mange år med fargerike vegger, fortel styraren, som gjerne vil nytta høvet til å takka foreldre og personale for stort engasjement.

20-årsfest

20-årsfesten vart feira i barnehagen med jubileumsjulefrukost for barn, personale og foreldre.

Jubileumsfrukosten har barn og personale førebudd lenge, fortel Kjellaug Skage Raunsgard. Dei har røykt laks, laga tomatsild, baka brød og julekjeks, laga julepynt og barnekunst som prydar veggane.

”Barnehagekoret” opna festen med song og tenning av lys. Det var lang bordsete med god julemat, og allsong innimellom. Etterpå heldt festen fram utandørs med gang rundt juletreet og nissebesøk, fortel styraren og takkar alle for ei fin feiring.

Frå jubileumsfrukostbordet. | Fotograf: Jettegryto barnehage Juletregang utandørs. | Fotograf: Jettegryto barnehage Nissebesøk i Jettegryto barnehage. | Fotograf: Jettegryto barnehage Fire barnehagebarn saltar laks saman med Sølvi Kaldestad. | Fotograf: Jettegryto barnehage


 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 16.12.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30