Aktuelt frå kommunen

Jubileumsdag på Engevik Gaard

Tambouravdeling frå Fredrikstad - Klikk for stort bileteTambouravdeling frå Fredrikstad Laurdag 24. august er det duka for storslått markering av at det er 250 år sidan grunnleggjaren av offisersgarden på Engevik, Christian Wilhelm Segelcke, døydde. Samtidig er dette den lokale markeringa av Kystkulturvekene. Det vert tamburspel, militær eksersis og saluttering av ein oppvisingstrupp frå Fredrikstad. Det vert utstilling av lokal tamburtradisjon. Det vert besøk av KNM Hitra, avduking av minnesmerke og festmiddag. Og rikeleg høve for publikum til å prøva seg på både eitt og hitt. 

Offisersgard

I over 100 år fungerte Engevik som embetsgard og militær sjefsgard for Søndre Bergenhus infanteriregiment. Major Christian Wilhelm Segelcke (1682-1763) kjøpte garden og tilliggjande jordegods av Kong Fredrik 4. på 1720-talet. I dag omfattar gardsanlegget ni bygningar med hovudbygningen frå 1770. 

 

Hovudattraksjon

 

”Kong Fredrik den 4. tambouravdeling af 1704” frå Fredrikstad er hovudattraksjonen på jubileumsdagen. Tambouravdelinga har lagt ned eit stort arbeid i å kopiera både uniformar, utstyr og eksersis frå tidleg 1700-tal. Engevik vil syda av liv med både kommandorop, tromming, saluttering og oppvisning som vil gje eit innblikk i soldat- og offiserslivet  på 1700-talet og Engevik-miljøet i fordums tider.

Det vert høve for publikum til å prøva seg på eksersis med tregevær og marsjering. Den historiske militæravdelinga vil ganske sikkert engasjera og fascinera folk i alle aldrar.

 

KNM Hitra - Klikk for stort bileteKNM Hitra Stein Sættem KNM Hitra

”Shetlandsbussen” KNM Hitra gjorde teneste under 2. verdskrig. Den gamle ubåtjagaren er restaurert og vert i dag nytta som museumsskip. KNM Hitra kjem til Engevik med ein delegasjon frå forsvaret.

 

Festmiddag

Etter at arrangementet på Engevik Gaard er slutt vert det festmiddag i ungdomshuset Breidablikk. Der vert det historisk kåseri om militærvesenet på 1700-talet, innslag ved "Tambouravdelinga af 1704" og utdeling av Anders Kåre Engevik sin kulturvernpris for 2013.

Samarbeidsprosjekt

Kystsogedagen vert skipa til av Sævareid UL, Fusa kommune og Kystsogevekene.

Velkommen!

Generalinspektøren for sjøforsvaret kjem, Kong Fredrik den 4. tambouravdeling kjem, ordføraren kjem, KNM Hitra kjem - kjem du?

Snarvegar:

Tambouravdelinga - Klikk for stort bileteTambouravdelinga

 

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 21.08.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30