Aktuelt frå kommunen

Jørgen Jæger i Torsdagsakademiet

Jørgen Jæger - Klikk for stort bilete

Krimforfattar Jørgen Jæger er gjest i Torsdagsakademiet 21. november kl. 19.00. Arrangementet er på biblioteket i Eikelandsosen. Det er gratis inngang. Sjå meir informasjon på Friskus-portalen for Bjørnafjorden.

Jørgen Jæger er opphavsmann til krimhelten Ole Vik. Jæger har skrive 12 bøker og er nominert til Bokhandlarprisen fire gonger. I 2017 vart han berre slått av Jo Nesbø og Jørn Lier Horst i salstal.

Jørgen Jæger er også eigar av den kanskje kulaste forfattarbilen i landet. Torsdag kjem han til biblioteket i Eikelandsosen for mellom anna å snakka om den nye boka si «Judasskuddet».

Det blir boksal og høve til signering. 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 20.11.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30