Aktuelt frå kommunen

Jodtablettar i beredskap til barn, ammande og gravide

Jodtablettar - Klikk for stort bilete

Har du barn under 18 år? Ammar du? Eller er du gravid? Då bør du ha jodtablettar i beredskapslageret ditt heime. Tablettane kan gi vern mot radioaktivt jod ved atomulykker, og skal berre takast etter råd frå myndigheitene.

Du får kjøpt jodtablettar reseptfritt på apoteket. Barn og unge under 18 år, gravide og ammande bør ta tablettane fordi dei har størst risiko for å få kreft i skjoldbruskkjertelen etter å ha blitt utsette for radioaktivt jod. 

Kvifor ta jodtablettar?

Ved ei atomulykke kan radioaktivt jod bli spreidd via lufta og bli tatt opp i skjoldbruskkjertelen når ein pustar inn forureina luft og/eller tar til seg forureina mat og drikke. Jodtablettar blokkerer opptaket av radioaktivt jod i skjoldbruskkjertelen og reduserer risikoen for å få kreft i skjoldbruskkjertelen.

Jodtablettar beskyttar berre mot radioaktivt jod, og ikkje mot andre radioaktive stoff.

Råd om å ta tablettane vil ofte bli gitt saman med råd om å opphalda seg innandørs i opptil to døgn. Det er derfor viktig å ha tablettane lagra heime. 

Jodtablettar til barnehage- og skulebarn

Tablettane må takast innan 2-4 timar etter radioaktiv eksponering. Dei må altså vera der barn og unge oppheld seg til dagen.

Difor deler Fusa kommune i desse dagar ut jodtablettar til alle barnehagane og skulane i kommunen, til fordeling dersom det skulle skje ei atomhending i barnehage-/skuletid, opplyser kommuneoverlege i Fusa Klaus Melf, som òg er påtroppande kommuneoverlege i Bjørnafjorden kommune.

Før vi går inn i Bjørnafjorden 01.01.2020 blir det delt ut jodtablettar til skular og barnehagar også i Os, og til dei vidaregåande skulane på begge sider av fjorden. 

På fritida må foreldre og føresette sørga for å ha jodtablettar tilgjengeleg til barna. Difor er det tilrådd å ha slike tablettar som del av eigenberedskapslageret heime.

Les meir om jodtablettar ved atomulykker hjå Direktoratet for atomsikkerheit og strålevern (DSA).

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 30.10.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30