Aktuelt frå kommunen

Jettegryto barnehage på anleggsbesøk

Jettegryto på anleggsbesøk - Klikk for stort bilete

Dei siste månadane har det vore anleggsarbeid utanfor portane til Jettegryto barnehage i Eikelandsosen. Torsdag 22.09. var dei på omvising på anleggsområdet og fekk vita meir om kva som skal skje i nabolaget.

Styrar i Jettegryto barnehage Kjellaug Skage Raunsgard har sendt følgjande artikkel til heimesida:

"Kva har skjedd i Jetteskogen vår?

Sidan i vår har det vore sprenging og graving utanfor Jettegryto barnehage og vi har sett på store maskinar som har jobba. Men kva held dei på med? Kvifor sprenger og grev dei?

På torsdag 22.09 inviterte prosjektleiar Ranveig Næss hos Kjosaas maskiner barn og personale til omvising på anleggsområdet ved Jettegryto. Ho viste og fortalde at vi får nye vegar og ny stor idrettshall som nabo til barnehagen.

Barna fekk utforska området og dei fekk sjå dei store maskinane på nært hald. Dei fekk til og med sitja inni gravemaskin og dumpers!

Til slutt fekk vi bollar og saft som smakte godt. Tusen takk til Ranveig og alle maskinførarane som tok seg tid til å visa oss rundt!

No blir det spennande å følgja med på  arbeidet vidare i haust og vinter!

Helsing små og store i Jettegryto barnehage v/Kjellaug Skage Raunsgard"

Fotograf: Kjellaug Raunsgard Fotograf: Kjellaug Skage Raunsgard Fotograf: Kjellaug Skage Raunsgard Fotograf: Kjellaug Skage Raunsgard Fotograf: Kjellaug Skage Raunsgard

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 23.09.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30