Aktuelt frå kommunen

Internasjonalt matkurs - frå labneh til norsk grovbrød

Haval Rihani og Marwan Rasoul bakar ut lefser på Eidegrend klyngjetun. - Klikk for stort bilete

Det vert oppstart av matkurs på skulekjøkkenet til Fusa ungdomsskule tysdag 14. november kl. 17.00. Har du lyst å læra å baka tradisjonelt norsk grovbrød eller syrisk rullebrød? Eller ferskost av kumjølk på arabisk vis?

På kurskvelden lærer me litt om kornsortane våre og får tips om gode bruksområde og oppskrifter.

  • Me bakar norsk grovbrød og syrisk rullebrød. 
  • Me lagar labneh (ferskost) og smakar på baksten vår til slutt. 
Kurset er gratis og er ein del av tilbodet ”Kultur for integrering” i Fusa kommune.

Alle interesserte er velkomne!
 
Påmelding til aktivitetskoordinator Heidi Skår Dale. Epost:  heidi.skar.dale@fusa.kommune.no - send sms til 932 60 251
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 07.11.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30