Aktuelt frå kommunen

Internasjonal morsmålsdag i biblioteket

Vi i verda-arrangement - Klikk for stort bilete

Laurdag 25. februar kl 12-14 vert det internasjonal kafé og markering av FN sin morsmålsdag i biblioteket i Eikelandsosen.

Strengt tatt er morsmålsdagen den 21.2., men i år markerer vi dagen laurdagen etter. Denne dagen vil ein prisa det språklege mangfaldet i Fusa og i verda elles. I alt er det meir enn 6.000 ulike språk på kloden og i dei seinare år har ein også Fusa fått eit stort mangfald av språklege bakgrunnar. Dette vil vi feira med ein internasjonal kafe der du får høve til å høyra andre språk og møta «nye» fusingar.

Det blir underhaldning med leik og aktivitetar, og eit felles kaffibord der dei frammøtte vert bedne om å ta med noko frå eige kjøkken.

Arrangementet er gratis og ope for alle interesserte.
 
Arrangementet er eit samarbeid mellom flyktningetenesta, kulturkontoret og frivilligsentralen.
 
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 22.02.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30