Internasjonal romjulsfest
I romjula vert det internasjonal juletrefest i Eikelandsosen onsdag 28. desember kl 17.00. Det vert ein open fest for heile familien der vi håper å samla både nye og gamle fusingar til fest i Eikelandsfjorden samfunnshus. Festen er organisert som ein dugnadsfest der gjestene vert inviterte til å bidra med mat til eit felles matbord. Det vert songar og leikar. Sjølvsagt skal ein gå rundt juletreet og kanskje kjem nissen?
Pyroshow nyårsaftan
Nyårsaftan vert det invitert til eit stort felles fyrverkeri ved midnatt i kommunesenteret for å markera overgangen til det nye året. Den felles nyarsfesten er eit spleiselag mellom Fusa kommune og lokale verksemder. Oppmøte for publikum er på Tusenårsplassen på sjøsida av Fjord'n senter i Eikelandsosen.
Publikum vert oppfordra til ikkje å ta med eige fyrverkeri. Sidan andre tek kostnaden med eit stort felles fyrverkeri vert fusingane oppfordra til i staden å gje ei gåve til dei som treng hjelp i det krigs- og kriseramma Aleppo i Syria. Sjå plakat (PDF, 2 MB)