Aktuelt frå kommunen

Internasjonal 8. mars-fest i Fusa folkebibliotek

8. mars-logo - Klikk for stort bilete Velkommen til fest i biblioteket i Kommunetunet i Eikelandsosen på den internasjonale kvinnedagen 8. mars klokka 19. Arrangementskomiteen inviterer til å dela erfaringar, historier, dikt, mat, dans, song, prat, og bokutstilling i biblioteket. Arrangementet er gratis.

8. mars-festen vert arrangert av ein komite med kvinner frå fleire land, i samarbeid med Kultur for integrering og Fusa folkebibliotek.

Fusa-kvinner frå fleire land vil fortelja om sine erfaringar med å læra seg norsk, gå på skule og skaffa seg arbeid i sitt nye heimland.

Du får prøva deg på norsk og kurdisk dans. Det blir dikt og allsongar på mange språk.

"Korgafest"

Ta med litt mat, til deling på felles bord. Det blir servert kaffi og te. Du får òg høyra litt om syriske mattradisjonar.

8. mars-festen er gratis. 

Bokutstilling

Avdelingsbibliotekar Nicoline Leonhard Sørensen har laga til ei bokutstilling med ei blanding av skjønnlitteratur og fagbøker. Fokus er på sterke kvinner i litteraturen. Du er velkommen både til å sjå og låna!

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 06.03.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30