Aktuelt frå kommunen

Innsyn i postlister

Skjermbilete Innsyn - Klikk for stort bilete

Frå og med i dag tek Fusa kommune i bruk ordninga med innsyn i kommunen sine postlister på heimesida. Du finn dei via toppmenypunktet Innsyn/Postliste.

Bestilling av saksdokument

Det vert førebels ikkje fulltekstpublisering, opplyser arkivleiar Magda Haugen. Publikum får opp sakstitlar på skjermen og kan bestilla dokument digitalt frå arkiv/ekspedisjon.

Unnateke innsyn

To arkivdelar er unnateke offentleg innsyn: Elevarkiv og personalarkiv. Desse vert såleis ikkje gjort tilgjengelege gjennom innsynsordninga.

Politiske saker

Politiske saksdokument er heller ikkje inne i ordninga førebels, men kjem truleg med i andre halvår 2016, opplyser arkivleiaren. Politiske saker vert difor inntil vidare publiserte på same måte som tidlegare på heimesida: Under toppmenypunktet Lokaldemokrati > Politiske saker.

Treng du hjelp?

Ta kontakt med ekspedisjonen i Kommunetunet - tlf. 56 58 01 00 - dersom du har vanskar med å få ordninga til å fungera.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 12.01.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30