Aktuelt frå kommunen

Innspel til strandsoneplanen

Frå Vinnesholme - Klikk for stort bileteFrå Vinnesholme

Fusa er med på å utarbeida ein interkommunal strandsoneplan saman med åtte kommunar i Sunnhordland. Planen omfattar i hovudsak 100-metersbeltet langs sjøen og 50 m ut i sjø frå strandlina. Kommunane ønskjer innspel om større tiltak i strandsona. Fristen for å koma med innspel er 15. august.

 

Bruk og vern i strandsona

Den interkommunale planen skal vera det overordna styrande plandokumentet for all arealbruk og forvaltning av areal i strandsona til dei deltakande kommunane. Planen skal visa arealformål og omsynssoner for bruk og vern av areal i strandsona. Kvart kommunestyre i dei deltakande kommunar skal treffa endeleg vedtak for sitt område. 

Kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio, Tysnes og Fusa er med i plansamarbeidet. Planarbeidet vert gjennomført på kommuneplannivå som kommunedelplan etter kapittel 11 i Plan- og bygningslova.

Plantema

Planen skal innehalda dei tema/føremål som er naturleg å ta opp for ein arealplan som omfattar strandsona på eit kommunalt overordna nivå. Det vil her vera særleg aktuelt å sjå på tema som er felles for kommunane når det gjeld bruk og vern av areal i strandsona. Følgjande tema vert vurdert:

  • Friluftsområde, regionale og lokale               
  • Område med spesielle natur- og landskapskvalitetar
  • Sikring av større, viktige frilufts- og landskapsområde 
  • Kulturminneområde, kystkultur m.m.
  • Område for næringsutvikling, hamneanlegg, reiselivsanlegg                       
  • Felles båthamner/bryggeanlegg, naustområde, fellesnaust
  • Bustadområde og område for fritidsbustader
  • Fortettingsområde

Felles føresegner

Som del av planarbeidet skal det utarbeidast felles føresegner for bygging av brygger, naust, rorbuer, spreidd utbygging m.m. i strandsona og elles andre føresegner med retningsliner som gjeld bruk og forvaltning av strandsona.

Innspel

I dette planarbeidet er det ikkje føresett å vurdera enkelttiltak som brygge, naust, hytte og bustad og liknande plassert i strandsona. Slike enkeltsaker må kommunane ta stilling til seinare med heimel i føresegner og eventuelle reguleringsplanar.

Kommunane ønskjer innspel om større tiltak i strandsona, som t.d. område for bustader/fritidsbustader, næringsområde, felles båthamner, naustområde, reiselivsanlegg, sikring av friluftsområde/friareal/badeplassar m.m.

Innspel skal sendast skriftleg som epost til postkasse@fusa.kommune.no eller som brev til Fusa kommune, postboks 24, 5649 Eikelandsosen.

Du kan få nærare opplysningar ved å venda deg til:

  • Den kommunen innspelet gjeld. Kontaktperson i Fusa er Helle Holte Bruland tlf. 56 58 01 88
  • Samarbeidsrådet tlf. 53 45 67 90

Snarveg:

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 24.06.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30