Aktuelt frå kommunen

Innspel til rullering av ruspolitisk handlingsplan

Alkovett - Klikk for stort bilete

Kommunestyret i Fusa skal kvart fjerde år rullera alkoholpolitikken. Her finn du meir informasjon om planarbeidet, rusførebyggjande og helsefremjande arbeid.

Kommunestyret skal kvart fjerde år rullera alkoholpolitikken.

Planarbeidet, rusførebyggjande og helsefremjande arbeid 

 
Ei administrativ arbeidsgruppe evaluerer gjeldande plan. I  samarbeid med Ungdata og Bergensklinikkene er det gjennomført ei ungdomsundersøking blant ungdommen i Fusa. Bergensklinikkene orienterer om resultatet av denne undersøkinga på eit seminar for fagfolk  13.05. 2016. Resultata vert også lagt ut på heimesida vår. 
Vi treng også gode idear frå  lag, organisasjonar, sals- og skjenkenæringa mm. Har du innspel i høve russituasjonen i kommunen, korleis vi kan drive eit best mogleg rusførebyggande arbeid eller  andre innspel til rullering av planen?
 
Evt. innspel må vera sendt til  postkasse@fusa.kommune.no seinast kl 12.00 onsdag 18.05. 2016.
 
Framlegg til alkoholpolitikk for perioden 01.07.2016 – 30.06.2020  vert lagt fram til politisk handsaming i formannskapet 01.06 og kommunestyret 16.06.2016.
 

Verksemder som har sals- eller skjenkeløyve for perioden til og med 30.06.2016

 
Lovendring gjev kommunen høve til, etter eit kommuneval, å vedta at alle eller nokre løyver kan vidareføras i inntil 4 nye år utan krav om å søkje på nytt. Føresetnaden for å fatte eit slikt vedtak, er at kommunen har hatt ein gjennomgang av alkohol- og løyvepolitikken etter kommunevalet. 
 
Det vert rådd til at denne unntaksregelen skal gjelda i Fusa kommune for løyve som det ikkje er endringar i.  Løyvehavar må stadfesta at det ikkje er endringar. Kommunen kan likevel endra eller fastsetja nye vilkår for løyve som vert vidareført, jf.alkohollova §§ 3-2 og 4-3.
 

Meir informasjon

Fusa sin gjeldande ruspolitiske plan og lenkjer til andre nettstader for rusførebyggjande og helsefremjande arbeid finn du her:

 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 22.09.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30