Aktuelt frå kommunen

Innspel til arealplanen

Ordførar Hans Vindenes, UPM-leiar Anne Martinsen og arealplanleggjar Helle H. Bruland-utsnitt - Klikk for stort bileteOrdførar Hans Vindenes, UPM-leiar Anne Martinsen og arealplanleggjar Helle H. Bruland-utsnitt EMBV Det vert no opna for å koma med konkrete innspel til arealbruk i Fusa kommune. Innspela skal skrivast inn i eit skjema laga for formålet. Sjå retningsliner for innspel og tilhøyrande skjema (PDF, 529 kB) og vedteke planprogram (PDF, 813 kB). Frist for innspel er 3. januar 2014. I desember vert det folkemøte.
 

Folkemøte

Tidleg i desember vert det arrangert tre folkemøte rundtom i kommunen med informasjon om arealplanarbeidet: 2., 5. og 9.12. Her vert det både gitt rettleiing i korleis ein skal koma med innspel og informert om planarbeidet. Både ordførar, leiar i planutvalet og arealplanleggjar vert med på møta. Alle interesserte er velkomne! Nærare opplysningar om tid og stad kjem seinare. 

Skriftlege innspel

Skjema for innspel må vera fylt ut så langt som råd. Skjemaet spør etter opplysningar som har ulik relevans for ulike arealføremål. Evt. spørsmål kan rettast til Fusa kommune v/arealplanleggjar Helle H. Bruland, tlf. 56 58 01 88.

Innspel skal sendast skriftleg til Fusa kommune v/arealplanleggjar Helle H. Bruland, postboks 24, 5649 Eikelandsosen eller til postkasse@fusa.kommune.no.

Lenker som skal brukast ved utfylling av skjema for innspel er å finna her.

Arealbruk i strandsona

Det vert samstundes på nytt opna for å koma med innspel til Interkommunal strandsoneplan for Sunnhordland og Fusa. I sommar fekk Fusa kommune kartlagt ca 80 km med funksjonell strandsone - sjå kart (PDF, 11 MB) og rapport (PDF, 15 MB) - som del av arbeidet med den interkommunale strandsoneplanen.

Dette er ei fagleg vurdering av område med spesielle natur- og kulturverdiar, bruksverdiar og press på areala. Denne kartlegginga skal sikra ei gunstig forvalting av strandsona i framtida. Kartlegginga skal liggja som retningsline for handsaming av innspel til arealbruk i strandsona. Sona kan vera smalare eller breiare enn 100-meterbeltet. For område som ikkje er kartlagde, gjeld 100 metersbeltet.

Eiga arealplanside

På heimesida er det eit eige menypunkt "Arealplan" under hovudmenypunktet "Lokaldemokrati". Her kan ein følgja arbeidet med arealplanen og finna mange nyttige lenker.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 12.11.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30