"Skuleåret 2018-2019 nærmar seg med stormskritt, og det er nok mange barn og vaksne som er spente. Det er alltid ein stor overgang for eit barn å byrja på skulen. Det er med stor glede Fusa kommune vil ynskja alle nye 1.klassingar velkommen til skulestart," seier skulefagleg rådgjevar i Fusa kommune, Janne M. E. Eik.
Ho legg til at Fusa kommune ønskjer at overgangen skal bli god og trygg for både barn og føresette. Skulane vil gjerne ha eit godt samarbeid med barn og føresette så snart som råd. Difor blir det sendt ut skriv i posten til alle som skal byrja i 1. klasse til hausten.
Rektorane kjem til å invitera alle nye 1.klassingar med føresette til innskriving på sin skule. Meir informasjon om dette kjem i posten.
Fyll ut innskrivingsskjema
Det er ønskeleg at dei føresette til alle nye 1. klassingar fyller ut innskrivingskjemaet, som de finn her på heimesida. Skjemaet blir òg sendt pr. post. De kan returnera det til Fusa kommune - eining Undervisning, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen, eller ta det med på skulen.
Førskuledag og foreldremøte
Før sommarferien blir dei nye 1. klassingane inviterte til førskuledag. De vil få informasjon frå den skulen de høyrer til. Foreldra blir inviterte til foreldremøte i mai/juni, opplyser Janne M. E. Eik.
Første skuledag vert 15. august. Meir informasjon om skuledagar, feriar og fridagar finn du i skuleruta for Fusa kommune 2018-2019 (PDF, 22 kB).
Velkommen til skulestart!
Skjema:
Ønskjer de kontakt med rektor?
-
Eikelandsosen skule: Kjersti Søvik - tlf. 56 58 00 51, 404 32 919
-
Nore Fusa: Hege Steinsland-Hauge - tlf. 56 58 29 26, 924 22 662
-
Søre Fusa: Britt-Mari Gjerde - tlf. 56 58 32 02, 930 89 441
-
Fusa skule: Synnøve Ellingsen - tlf. 56 58 21 48, 951 13 053