Aktuelt frå kommunen

Innsamling av vinterklede

Snødekte tre - Klikk for stort bilete

I veke 2 – 11.-16. januar vert det i Fusa ein vinteraksjon for å samla inn varme vinterklede i samband med mottak av flyktningar. Fusa frivilligsentral og Fusa kommune står bak aksjonen.

 

Vinteren har festa grepet og me må ha ekstra omtanke for dei som treng ei hjelpande hand. Fusa har fått mange nye innbyggjarar frå land med eit heilt anna klima og me ser at dei har behov for gode vinterklede.

Det ein ønskjer å få inn frå publikum er:

  • Ytterklede (genserar, jakker, fora overtrekksbukser/skibukser)
  • Huer/vottar/sjal/ hanskar/labbar
  • Vintersko
  • Innesko/tøflar
  • Ullteppe
Målgruppa er tenåringar /vaksne. Me treng ikkje klede til barn i denne omgang.
 
Tinga må vera reine, heile og pent brukte (eller nye).
 
Mottak i Eikelandosen:
Kommunetunet: månd-fred kl 8.00-15.40 – laurd 10.00-14.00
Bruktbua: torsd kl 12 – 18, fred 11 – 17, laurd 11 - 14
 
Klede som ein sit att med etter aksjonen vert enten levert vidare til Fretex eller det vert lagra for seinare bruk. 
 
Kontaktpersonar: fritidsleiar Heidi Skår Dale telefon 56580100 eller dagleg leiar i frivilligsentralen Bodil Samnøy telefon 56580114.
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 11.01.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30