Aktuelt frå kommunen

Ingen endringar i skulestrukturen

Fusafisk - Klikk for stort bileteFusafisk Fusa oppv.senter

 

I ekstramøtet i kommunestyret fredag 5. april vart det fleirtal for å ikkje gjera endringar i noverande skulestruktur. Dette vart vedteke av representantane frå H, SP og tre av Frp sine representantar - til saman 12. AP, Krf, SV og V fremja felles framlegg om å få vurdert heile skule- og barnehagestrukturen i Fusa av eksternt konsulentfirma. Dei fekk støtte av Magne Djuvik frå Frp. Dette framlegget fekk til saman 9 røyster. Sjå møteptotokollen (PDF, 70 kB). Det vart ikkje funne meir midlar til drift av skulane. 

Binding av gruppa

Ordførar Hans Vindenes sa frå talarstolen i det første ekstramøtet 20.3. at han ikkje var einig i framlegget frå partiet sitt, H og Frp. På det andre ekstramøtet batt Fusa SP sine representantar, og også ordføraren røysta for ingen endringar.

Bad om struktursak

Bakgrunnen for saka om eventuelle endringar i skulestrukturen var fleirtalsvedtaket til SP, H og Frp frå budsjetthandsaminga i kommunestyret 19. desember 2012. Der heiter det: "Me ber rådmannen koma med ei sak til eit ekstra møte i januar der skulestrukturen Holdhus/Eikelandsosen og Fusahalvøya vert vurdert. Framdrift i saka må vera slik at ein kan i iverksetta evt. endringar frå hausten 2013."

Nedskjeringar i skulesektoren

I budsjettvedtaket frå desember (PDF, 469 kB)vart ressurstildelinga til skulane redusert med til saman ca 3 mill kroner for 2013. Ein million av dette skulle skulane henta inn att i form av inntektsauke knytt til endringar i opphaldstid og betalingssatsar for barnehage og SFO. Det er alt kjend at ein ikkje kjem til å nå dette målet.

Ein million skulle sparast ved hjelp av strukturendring/effektivisering. Dette er fordelt som nedskjering på alle skulane.

Den siste millionen vart teken frå fellespotten som skular og barnehagar skal ha til nye uføresette behov som dukkar opp i løpet av 2013. Dette gjeld t.d. norskopplæring for nytilflytta framanspråklege barn og tiltak for barn med spesielle behov. Erfaringa viser at det alltid dukkar opp slike behov etter at budsjettet er vedteke. Dette er kostnader som den enkelte skule ikkje har handlingsrom til å løysa innanfor eige budsjett.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 17.04.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30