Aktuelt frå kommunen
Ordføraren overrekte blomar og diplom frå Fusa kommune til draumestipendvinnar 2012 Ingeborg Vangsnes | Fotograf: Fredrik A. Thorsen
Ordførar Hans S. Vindenes overrekte blomar og diplom frå Fusa kommune til draumestipendvinnar Ingeborg Vangsnes fotograf Fredrik A. Thorsen

Ingeborg fekk draumestipend

Torsdag 7. juni vart "Drømmestipendet 2012" delt ut til Ingeborg Vangsnes i Glasgato i Kommunetunet. Kulturskulerektor Are Fløisand leia tilskipinga, ordførar Hans S. Vindenes kunngjorde vinnaren og avduka ei lita fotoutstilling, og Atle Kvåle frå Hordaland kulturskoleråd hadde fått æra av å dela ut ein sjekk på kr 10 000. Elles fekk dei frammøtte høyra vakre musikkinnslag ved Siv S. Rise og Elen Ekeberg Klippen, sjå fotoframvising ved stipendvinnaren og nyta sommarleg servering.

Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30