Aktuelt frå kommunen

Informasjonsmøte om tilskot til kultur

Stian Håvik i steget - Klikk for stort bilete

Fusa kommune inviterer til ope møte torsdag 1. oktober kl 18.00 i Kommunetunet, Eikelandsosen. Tema er ulike tilskotsordningar til idrett, friluftsliv og kulturbygg, og nærmiljøsatsinga for merking av turstiar i 2016.

Denne kvelden blir det:

  • Orientering om tilskotsordningar til bygging av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg, friluftsanlegg og lokale kulturhus.
  • Orientering om turstiprosjekt og nærmiljøsatsing i 2016.

Det blir m.a. gjennomgang av søknadsprosedyre, bruk av søknadsskjema, momsreglar og momsrefusjonar både for statlege spelemidlar, kommunale tilskot til idrettsanlegg og fylkeskommunale tilskot til lokale kulturbygg.

Fusa kommune og Fusa turlag har fått tilskot til etablering av turstiar i nærmiljøet som ein del av det nasjonale turstiprosjektet. Vi har invitert velforeiningar, skular, barnehagar og idrettslag og andre til å koma med forslag til nye nærmiljøstiar i sitt nærmiljø. I denne omgang vil ein prioritera lette turar og stiar som tek utgangspunkt i bustadområde, og gjerne slik at barnehage og skule kan nytta stien. Ein kan leggja til rette heilt nye stiar eller oppgradera eksisterande stiar. Sjå brev (PDF, 205 kB) som er sendt ut om ordninga.

Møtet er ope for alle interesserte.

 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 30.09.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30