Aktuelt frå kommunen

Informasjonsmøte om spelemidlar og andre tilskotsordningar

Eikelandsosen kunstgrassbane - Klikk for stort bilete

Fusa kommune inviterer til informasjonsmøte onsdag 5. oktober kl 18.00 i Kommunetunet, Eikelandsosen. Tema er ulike tilskotsordningar til bygging av idrettsanlegg, anlegg til friluftsliv, kulturbygg og nærmiljøsatsinga for merking av turstiar.

Denne kvelden blir det:

  • Orientering om tilskotsordningar til bygging av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg, friluftsanlegg og lokale kulturhus.
  • Orientering om turstiprosjekt og nærmiljøsatsing i 2016.
 
Det blir m.a. gjennomgang av søknadsprosedyre, bruk av søknadsskjema, momsreglar og momsrefusjonar både for statlege spelemidlar, kommunale tilskot til idrettsanlegg, friluftsliv og nærmiljøanlegg og fylkeskommunale tilskot til lokale kulturbygg.
 
Frist for å melda inn nye søknader om statlege spelemdilar for 2017 er 15. oktober.
 
Sjå infosider om: Kulturbygg, og statlege spelemidlar.
 
Fusa kommune og Fusa turlag har fått tilskot til etablering av turstiar i nærmiljøet som ein del av det nasjonale turstiprosjektet. I tillegg til pengar til merking og skilting har ein fått midlar til turbokkassar og turkort = små turkart for lette turar i nærmiljøet.  
 
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 03.10.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30