Aktuelt frå kommunen

Informasjonsmøte om idrettshall

Ny idrettshall per august - Klikk for stort bilete

Det vert eit ope møte om ny idrettshall i Kommunetunet, Eikelandsosen, torsdag 30. august kl 18.00. Her får du sjå korleis det ferdige bygget vil sjå ut og du får høve til å koma med innspel m.a. til innreiing og utstyr. Kva skal hallen heita og korleis får vi hallen til å bli eit aktivitetseneter for alle? Etter planen skal hallen stå ferdig i januar 2019

 

For å få eit så tenleg bygg som mogeleg og stor aktivitet heilt frå start, inviterer Fusa kommune i samarbeid med idrettsrådet alle interesserte til eit innspelsmøte. Det blir presentasjon av planar og status for ny idrettshall som etter planen skal stå ferdig til bruk i januar 2019.

  • Vi ønskjer innspel på alt frå banemerking til behov for idrettsutstyr og oppbevaringsplass
  • Kva utstyr treng vi i kjøkken og kva møblar er naudsynt i fellesareala?
  • Kva aktivitetar og brukargrupper er aktuelle?
  • Kva rolle kan laga spela i å skaffa det naudsynte utstyret hallen treng?
  • Kva skal hallen heita? Bygget har ikkje fått eit endelege namn. Skal det vera idrettshall eller fleirbrukshall. Skal fornamnet vera Eikelandsosen, Fusa eller Bjørnafjorden?
Fusa kommune har fått tilskot frå Helsedirektoratet til ei aktivitetsleiarstilling i hallen. Embla Helland som er nytilsett i stillinga vil presentera seg og fortelja om kva rolle ho får i det vidare arbeidet med hall og prosjektet « Ny idrettshall som seniorsenter og aktivitetssenter for alle».
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 24.08.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30