Fusa kommune skal ta imot sju flyktningbarn som har kome åleine til Noreg. Dei fleste barna er i alderen 13-17 år. På ulike omsorgssenter omkring i landet ventar mange barn. Barna treng heimar som kan gje dei tryggleik og omsorg. Dei treng òg anna form for støtte for å finna seg til rette i bygda.
Informasjonsmøte
-
15.06.2016 kl 18-20 i kantina i samfunnshuset i Eikelandsosen.
-
Møtet er ope for alle og det er uforpliktande.
-
Ein ungdom frå Afghanistan, som kom til Noreg som flyktning og som har erfaring frå ein norsk familie, vil vera med på møtet og supplera med sine erfaringar.
-
Ei fostermor som òg arbeider i bufellesskap for einslege mindreårige vil òg vera med på møtet.
Dette får du vita meir om:
-
Planlagd bufelleskap i den gamle prestegarden på Fusa
-
Kven er desse barna/ungdomane?
-
Kvifor er dei her?
-
Kva treng dei?
-
Kven kan bli fosterforeldre?
-
Korleis blir du fosterforelder?
-
Kven må du samarbeida med?
-
Økonomi og rettar
Fusa kommune håpar mange har lyst til å vera med på møtet. Vi treng heile Fusa med oss i dette viktige arbeidet!
Ta kontakt!
Dersom du har spørsmål, kan du kontakta ein av oss:
-
Barnevernleiar Line Cecilie Åsvang tlf. 56580174, e-post: lca@fusa.kommune.no
-
Einingsleiar Anne K. Skagseth tlf. 56580177, e-post: anne.skagseth@fusa.kommune.no
-
Bufetat v/Else Gerd Dugstad tlf. 46618893, e-post: else.gerd.dugstad@bufetat.no
-
Bufetat v/Nina Vik tlf: 46618894, e-post: nina.vik@bufetat.no