Aktuelt frå kommunen

Informasjonskveld om tilskot til idrettsanlegg

Sandvolleyballbanar i Strandvik - Klikk for stort bilete

Fusa kommune inviterer til minikurs for aktuelle søkjarar til statlege spelemidlar og kommunale tilskot til bygging av private idrettsanlegg – tysdag 31. oktober kl 18-20 i Kommunetunet, Eikelandsosen.

Kulturdepartementet har laga ein heilt ny søknadsportal og eit nytt digitalt verktøy for søknader om statlege spelemidlar til idrettsanlegg. Sjå https://www.anleggsregisteret.no/. På kurskvelden vert det nye systemet demonstrert.

Søknadsprosess frå A-Å

Stikkord for kva ein vil gå gjennom på informasjonskvelden:
Bruk av ny programvare
Kven kan søkja?
Kva kan du søkja om?
Når kan du søkja?
Idrettsfunksjonell godkjenning
Krav til dokumentasjon/ vedlegg
Handsaming i Fusa kommune og Hordaland fylkeskommune
Vedtak om løyving
Rekneskap/ utbetaling
Momsrefusjon


Ope møte

Både lag som søkjer for 2018 og andre interesserte er velkomne til å ta del. Ta kontakt om de har spørsmål til vår sakshandsamar kulturleiar Erik Vangsnes telefon 56580153 - Epost: erik.vangsnes@fusa.kommune.no
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 30.10.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30