Aktuelt frå kommunen
F.v. leiar i Fusa idrettsråd Liv N. Kilen, æresprismottakarar Bjørg og Trygve Berge, idrettsstipendmottakarar Benjamin og Lena Skåtun, banksjef Jostein Djupvik under prisutdelinga i desember 2012. | Fotograf: Erik Vangsnes
Frå prisutdelinga torsdag 6. desember; Liv Kilen, Bjørg Berge, Trygve Berge, Benjamin Skåtun, Lena Skåtun og Jostein Djupvik fotograf Erik Vangsnes

Idrettsstipend og æresprisar 2012

Fusa idrettsråd sin ærespris for 2012 har gått til ekteparet Bjørg og Trygve Berge. Idrettsstipendet som vert delt ut i samarbeid med Sparebanken vest, vart i år delt mellom syskenparet Lena og Benjamin Skåtun, som begge driv med shotokan karate.

Ærespris til Bjørg og Trygve
Bjørg og Trygve Berge er utrulegt fine representantar for dei mange frivillige som held hjula i gang i Fusa-idretten. Medan deira eigne born var aktive innan idrett var dei tillitsvalde og aktive støttespelarar. Trygve var i mange år i styret for skiskyttargruppa i Hålandsdal skyttarlag som seinare gjekk inn i Hålandsdal idrettslag. Begge har vore viktige primusmotorar ved bygginga av Eikelandsfjorden samfunnshus. I seinare år var dei med å starta Fusa biathlon fanclub som var med å støtta opp om karrierane til våre beste lokale skiskyttarar. Her sat dei begge i styret og organiserte m.a. OL-tur til Torino i 2006.

På anleggssida har dei begge vore viktige støttespelarar ved bygging av Bygdastølen ski- og tursenter, og det var Hålandsdal idrettslag som fremja dei som verdige kandidatar til prisen i år.

Ved utdeling av æresprisen takka leiar i Fusa idrettsråd Liv Kilen ekteparet for årelang innsats for idretten i Fusa. Prisen var ein diplom og eit gåvekort.

Idrettsstipend til Lena og Benjamin
Styret i idrettsrådet fekk ei nøtt å knekka når det kom søknad om idrettsstipend både frå Lena og Benjamin Skåtun. Dette er to knallsterke kandidatar som er uråd å skilja. Begge kan visa til svært mange gode resultat både nasjonalt og internasjonalt i shotokan karate.

Lena på 18 år er yngst, men har kanskje dei aller gjevaste medaljane; frå EM i Paris i år med 3. plass i kumite (kamp) for alderen jenter 18 år, av totalt 40 utøvarar. I tillegg vann ho sølv i lag-kata og -kumite saman med to andre lagveninner. Lena representerer Fusa karateklubb.

Benjamin er 20 år, og har trent karate i 12 år. 11 år i Fusa og siste året i Bjørgvin karateklubb i Bergen. Han har vore med i ei rekkje EM og VM. Ein bronse frå lagkonkurranse i EM og ein 4. plass i lagkonkurranse i VM er to høgdepunkt. Premieskapet er fullt med medaljar og pokalar frå NM.

Begge har vore viktige ressurspersonar i heimemiljøet sitt og vore trenarar og instruktørar i tillegg til å vera aktive idrettsutøvarar.

Ved utdelinga av idrettsstipendet sa banksjef Jostein Djupvik at dei to Skåtun-syskena har vist karatesport av ypparste klasse. ”De har vore ute i den store verda og henta heim premiar av edelt metall. De har vore med å setja Fusa på kartet med positivt forteikn. Me er stolte av dåke", sa Djupvik under prisutdelinga i banken sist torsdag.

Stipendet er på kr 10 000 og vert gjeve av Sparebanken vest i samarbeid med idrettsrådet. Fusa idrettsråd fann det best å dela stipendet mellom dei to syskena slik at dei fekk 5 000 kroner kvar.

Det var ingen sure miner av den grunn. Begge to gav uttrykk for at pengane kjem svært godt med, og at det betyr mykje å få støtte frå lokalmiljøet.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 10.12.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30