Aktuelt frå kommunen

Idrettshallen er på full fart opp

Rådmann Nils-Petter Borge og ordførar Atle Kvåle ved idrettshalltomta - Klikk for stort bileteRådmann Nils-Petter Borge og ordførar Atle Kvåle ved idrettshalltomta Før fusingane tek pinsefri er reisverket til den nye idrettshallen på plass. Både rådmann Nils-Petter Borge og ordførar Atle Kvåle likar det dei ser; ein lenge etterlengta idrettshall på full fart til å bli realisert. Planen er å ha tett bygg til ferien og ferdig idrettshall i bruk frå 1. januar 2019.

Det har teke lang tid å få realisert ein idrettshall i Fusa kommune, men no skjer det. Hallen som vert bygd er på vel 3300 kvm og har ei kostandsramme på vel kroner 42,4 mill ekskl moms. Ekstern finansiering utgjer meir enn 36 mill. kroner. Idrettshallen får eit innhald og ei utforming  der mange kan vera aktive på same tid.

Romprogrammet

Den store hallen kan delast i tre gymsalar og er tilpassa konkurransekrava til handball ( 25 x 45 m) og volleyball i høgde (9 m). Det vert tre garderobesett, tre trenargarderobar, styrketreningsrom, separat klatrehall (med 13 m innvendig høgde), kjøkken og kantine i første høgda.

I andre høgda over garderobane vert det eit stort møterom og eit stort forsamlingslokale, både møterom og forsamlingslokale kan delast av til to mindre rom. I tillegg vert det kontor og garderobar for tilsette. Det vert rikeleg med lagerplass og toalett for besøkande, både på grunnplanet og i 2. høgda.

Ting skjer fort

Då først byggjearbeida for sjølve bygget kom ordentleg i gang, skjer ting fort. Reisverket i stål vil så og seia vera komplett til pinse. Over helga kjem betongelementa som skal vera etasjeskiljer over garderobedelen. Neste etappe er fasadeelementa og taket. Utvendige veggar vert bygde med sokalla sandwichelment som gjer at innervegg og yttervegg kjem på plass i ein operasjon og er ferdig overflatebehandla. 

I følge totalentreprenør Hugaas sin byggeleiar Tor Børresen er prosjektet i rute og planen å ha tett bygg til ferien. Dei som vil følgja byggeprosessen må ikkje dryga for lenge mellom besøka ved byggeplassen. Her vil det skje mykje frå dag til dag og veke til veke. 

Idrettshall arbeid med reisverk.jpg - Klikk for stort bilete

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 18.05.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30