Aktuelt frå kommunen

Idrettshallen er i rute

Idrettshall per 15. juni 2018 (Knut Revne) - Klikk for stort bilete

Fusa sin første idrettshall er på full veg opp og truleg vert det kranselag før ferien. Stålkonstruksjonen er reist og betongdekke som etasjeskilje er kome på plass. Det neste som skal ferdigstillast er taket og så kjem veggane som vert bygde i sokalla "sandwich"-element.  Etter ferien vert det stor aktivitet med innvendige arbeid. Hallen skal stå klar til bruk 1. januar 2019.

Øystein Havsgård er kommunal prosjektleiar og Hugaas Entrepenør AS er totalentreprenør.  Fleire lokale firma er inne som underleverandørar.

Tett hus til ferien

Arbeidet går no raskt framover. Målet er følge Hugaas sin byggeleiar Tor Børresen å ha tett hus og kranselag før ferien. Rett etter ferien vert golva støypt og dei innvendige arbeida tek til med ulike tekniske fag. Etter planen skal hallen stå ferdig i løpet av hausten. Etter ein periode med testing, prøvekøyring og innreiing skal hallen opna for publikum i januar 2019. 
 

Klage frå nabo

Ein nabo har sendt inn klage i byggesaka. Klagen vart politisk handsama  i Utval for plan og miljø (UPM) 31. mai og utvalet tok ikkje klagen til følgje. Vedtaket i UPM er på ny påklaga av nabo og då går saka vidare til fylkesmannen for klagebehandling.  Klagen har ikkje sokalla «oppsetjande verknad» og arbeidet med hallen går vidare som planlagd i påvente av eit endeleg svar frå fylkesmannen.
 

Gler seg til ferdig hall

Folk i Fusa er positive til prosjektet og har venta lenge på idrettshall, og gler seg til den står ferdig.  
-Det er mange idrettsmiljø som vil ha glede av hallen, mellom anna hallidrettar som volleyball og karate, seier kulturleiar Erik Vangsnes. I tillegg får vi eit anlegg som vil opna for nye idrettar og aktivitetar som m.a.  handball og klatring. Vi får òg eit anlegg med gode rom for sosiale aktivitetar som kan gjera hallen til ein viktig møtestad for alle generasjonar.
 
Sjølv om mange har lang veg til fleirbrukshallen minkar det ikkje på entusiasmen.
-Det er stor interesse blant fusingane. Det blir eit anlegg for heile kommunen, fortel Vangsnes. 
 
Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Knut Revne Fotograf: Knut Revne Fotograf: Knut Revne Fotograf: Knut Revne Fotograf: Knut Revne
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 18.06.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30