Det var eigentleg Søre Fusa skule sin tur til å arrangera idrettsleikane, men fordi bygget på Selvågen idrettsplass er under opprusting, måtte Ølve ta på seg oppgåva. Rektor på Søre Fusa skule Britt-Mari Gjerde melder om ein jamn kamp prega av stort engasjement og fair play:
Friidrett
"Søre Fusa og Ølve Montessori samlast til venskapleg kappestrid innan friidrettsgreinene 60 meter, lengdehopp med tilløp og kast med liten ball. Vi takkar for at Ølve tok imot oss med sol og varme. Kampen om vandrepokalen var jamn. Ølve var som kjent veldig gode til å kasta ball, men Søre Fusa hadde tydeleg øvd sidan sist. Begge skulane både sprang fort og hoppa langt. Positive og engasjerte elevar gjorde sitt beste for laget.
Fotball
Høgdepunktet var likevel fotballkampane. Fair Play prega begge kampane. Søre Fusa viste mykje fint spel med mange gode pasningar til kvarandre. Ølve viste like stort engasjement. Tilskodarane på sidelinja var stolte av laga sine, og heia så godt dei kunne. I første kamp spela 1.-4. klasse ein god kamp som enda 4-1 i favør Søre Fusa. Andre kamp enda med same tal mål som i fjor – men denne gongen var det Søre Fusa som vann 5-0.
Og vandrepokalen ? Den får bu på Søre Fusa oppvekstsenter eitt år til."