Elevane hadde i tida før trena på å springa 60 meter, kasta med liten ball og hoppa lengde. Rektor på Søre Fusa skule Britt-Mari Gjerde melder om mange friidrettstalent:
"I Ølve er dei svært gode å kasta ball! På Søre Fusa hoppar dei langt! Spring gjer dei like raskt begge stader. Kvar og ein konkurrerte med seg sjølv – kor mykje betre hadde ein blitt sidan sist? Det galdt om å skaffa mest mogeleg poeng til eigen skule og sikra samanlagtsigeren. Den skinande flotte vandrepokalen motiverte til ekstra innsats. Sola skein om kapp med elevane – ho trudde kanskje det var ho som skulle ta sigeren?
Fotballkampar
Tradisjon tru vart dagen avslutta med fotballkampar. Først var det elevane frå 1.-4. klasse som møttest. Her vann Ølve fortent 3-2 etter ein jamn kamp. Innsatsen var upåklageleg både på bana og på sidelinja.
Elevane frå 5.-7. klasse var neste lag ut. Også her enda det med ein fortent siger til Ølve, denne gongen 5-0. Elevane takka kvarandre for kampen i god Fair play-ånd.
Vandrepokal
Kva då med vandrepokalen? Kven får ha den på hylla til me møtest neste år? I år som i fjor var det svært jamt – berre få poeng skilde dei to skulane. Det var Søre Fusa som trekte det lengste strået – og fekk pokalen med heim. Vi takkar vertskapet Ølve Montessori for ein fantastisk dag, og ynskjer velkommen til Selvågen neste år."