Aktuelt frå kommunen

Idéverkstad om kulturplan tysdag 24.10.

Scenen på Vinnesfestivalen - Klikk for stort bilete

Fusa kommune inviterer til idéverkstad i samband med utarbeiding av kulturplan tysdag 24. oktober kl 18-21 i Kommunetunet. Målgrupper er lag og organisasjonar og engasjerte einskildpersonar. Tilsette fagpersonar i Fusa kommune og folkevalde er også velkomne til å delta. Tema for kvelden er kultur- og fritidstilbodet i framtida for seniorar og personar med nedsett fuksjonsevne. 

Prosjektleiar for kulturplanen Erik Vangsnes vil innleia til diskusjon i grupper. Aktuelle samtalemne er:

- Kva kultur- og fritidstilbod skal det vera i Fusa i framtida?
- Kva vil kommunereforma ha å seia for tilbodet i Fusa?
- Er bygg og møtestader tilgjengelege for alle/ universelt utforma?
- Kva har kommunikasjonar/ kollektivtilbod å seia for aktivitet?
- Korleis kan alle som ønskjer det få eit ferietilbod?
 
Idéverkstaden er eit ope møte der alle interesserte kan stilla på. Vi håper mange har høve til å ta del og vil vera med å forma framtida!


Sjå eiga side med informasjon om, og kjelder til, arbeidet med Kommunedelplan for kultur.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 19.10.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30