Aktuelt frå kommunen

Idédugnad - kva er viktig for deg?

Teikning av lyspære - Klikk for stort bilete

Kl. 18-20 i kveld tysdag 4.6. er det idédugnad i Eikelandsfjorden samfunnshus for betre helse- og velferdstenester. Her vil leiarane for dei ulike tenestene stå på stands i salen, med ønske om dialog, spørsmål og innspel. Alle innbyggarar, lag og organisasjonar i framtidige Bjørnafjorden kommune er velkomne.

Os og Fusa kommune arbeidar no for fullt med å slå saman helse- og velferdstenestene. Frå 1.1.2020 er vi Bjørnafjorden kommune og har då ein gyllen sjanse til å gjera ting annleis og betre.

 
Kva er viktig for deg?
Vi treng di hjelp: Vi ønskjer å få kjennskap til ditt perspektiv, dine erfaringar, innspel og idéar for å gjera tenestene betre og meir treffsikre for brukarar og pårørande. 
 
 
Du vil få informasjon og kunne møta leiarane for desse tenestene:
  • Søknadsprosess og tildeling av tenester, inkludert velferdsteknologi
  • Sjukeheim og heimesjukepleie
  • Psykisk helse- og rustenester
  • NAV
  • Helsefremming og rehabilitering
  • Tilrettelagte tenester til barn og vaksne med nedsett funksjonsevne
  • Legevakt- og fastlegetenester
 
Vi ser fram til å høyra frå deg! Hjarteleg velkomen!
 
PS. Passar det ikkje i kveld? Det er same type samling i Kyrkjetunet på Osøyro no på torsdag 6.6. kl. 18-20. Både osingar og fusingar er velkomne der. 
Publisert av Anne-Lise Aaseng. Sist endra 04.06.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30