Aktuelt frå kommunen

Idar og Sverre til UKM-landsfinalen

Idar Rolland i aksjon ved flygelet - Klikk for stort bileteIdar Rolland i aksjon ved flygelet Erik Vangsnes Det unge og store musikktalentet Idar Rolland (12) og UKM-veteran og filmtalent Sverre Kvamme (18) er to av dei ni som vart plukka ut til å representera Hordaland på landsmønstringa i Larvik til sommaren. Fylkesmønstringa gjekk føre seg i Oseana kunst- og kultursenter 13. og 14. april.

Fusa kommune gratulerer!

Breidde

Det spirer og gror i musikklivet i Fusa! Idar Rolland stilte i kategorien Klassisk, pop og folkemusikk. Her var det 70 innslag, og tre av dei vart sende vidare til landsmønstringa.

Natasja Smørholm (11 år), Elen Ekeberg Klippen (15) og Hanna Øygard (13 år) deltok også i denne kategorien med så ulike innslag som gitarballade, hardingfelespel og klassisk piano. Laurdag deltok rockebandet Legal Words. Alle gjorde ein flott innsats og var med og synte fram breidda i det lokale, unge musikklivet.

Hjerteknusar

Trass sin unge alder spelar Idar Rolland fleire instrument i tillegg til å syngja og skriva eigne låtar. Hjarteknusaren frå Sævareid spela og song nettopp "Hjerteknusar" av Kaizers Orchestra i Oseana og sjarmerte heile Hordaland. Han er yngstemann i ein musikkfamilie, og det skal bli spennande å følgja han framover. 

Filmveteran

Regissør Sverre Kvamme og Strandvikfilm er etter kvart veteran i UKM-samanheng. Han har vore med på landsmønstringa fire gonger og stiller i kategorien Filmforestilling. Denne gongen viste han dokumentarfilmen "Knut", ei vàr og fin skildring av naboen i Strandvik.

Det var også fusaungdom med i arrangørstaben: Andreas Fosse Salbu, Marius Nilsen Kleppe og Remi Nygård.

Fylkesfinale UKM i Oseana 14. april 2013 | Fotograf: Erik Vangsnes Fylkesfinale UKM i Oseana 14. april 2013 | Fotograf: Erik Vangsnes Fylkesfinale UKM i Oseana 14. april 2013 | Fotograf: Erik Vangsnes Fylkesfinale UKM i Oseana 14. april 2013 | Fotograf: Erik Vangsnes Fylkesfinale UKM i Oseana 14. april 2013 | Fotograf: Erik Vangsnes Fylkesfinale UKM i Oseana 14. april 2013 | Fotograf: Erik Vangsnes Ein fornøgd Idar Rolland (t.v.) og Sverre Kvamme (t.h.) er plukka ut til å representera Hordaland på landsmønstringa av Ungdommens kulturmønstring (UKM). | Fotograf: UKM

 

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 18.04.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30