Aktuelt frå kommunen

Idar og Sverre til UKM-festivalen i Larvik

Idar Rolland på fylkesmønstringa i Oseana - Klikk for stort bileteIdar Rolland på fylkesmønstringa i Oseana Erik Vangsnes Ungdommens kulturmønstring (UKM) har som mål å vera den viktigaste arenaen der unge talent i Noreg får vist seg fram. I år har to fusingar fått sjansen: Musikar Idar Rolland (12) og filmskapar Sverre Kvamme (18). Den nasjonale UKM-festivalen går føre seg 23.-26. juni.

Hjarteknusar

Idar Rolland stiller i kategorien Klassisk, pop og folkemusikk. Det unge stortalentet frå Sævareid sjarmerte juryen på Fylkesmønstringa i Oseana med si framføring av "Hjerteknusar" av Kaizers Orchestra. I Larvik får sceneutøvarane opptre minst to gonger.

Filmtalent

Regissør Sverre Kvamme er med på landsmønstringa for femte gong. Han stiller i kategorien Filmforestilling med dokumentarfilmen "Knut", ei vàr og fin skildring av naboen i Strandvik.

Hordaland stiller med til saman ni innslag på UKM-festivalen i Larvik. Fusa kommune ønskjer begge deltakarane våre lukke til!

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 24.06.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30