Aktuelt frå kommunen
Ivrige rorskarar på husmannsdagen i Vinnesholmen 2012 | Fotograf: Åse Andersen
Forventningsfulle elevar klare for roøkt i Vinnesholmen fotograf Åse Andersen

Husmannsdag i Vinnesholmen

60 femteklassingar reiste 26. april 100 år tilbake i tid for å prøva seg som husmenn for ein dag i Vinnesholmen. Dei fekk bruka nevane både til å ro, saga, mjølka ku, rista smør og røra i vassgraut. I tillegg var det lystig leik i regnvêret.

Husmannsdagen er del av "Fusanisto", eit lokalhistorisk undervisningsopplegg for barneskulane i Fusa.

Dagen starta i bygdahuset Nesjaheimen med biletforteljing om husmannsguten Engel frå Vinnes og husmennene i Vinnesholmen. Elevane fekk også ei innføring i kva ein husmannsplass og ein husmann var.


Mjølking og høybør

I Vinnesholmen fekk dei møta ei levande ku av gamal rase, som var lita nok til å få plass i dei gamle båsane i løa på husmannsplassen. Alle som ville fekk prøva seg på å mjelka under kyndig rettleiing av bonde Magne Gjuvsland. Han laga også høybør som elevane fekk prøva på ryggen.

Vedarbeid

Det skulle mykje ved til den gongen ein brukte vedomn både til å koka på og til oppvarming. Vinnesbonde Olav Flølo tok elevane med seg ut på holmen for å sagasmåved, som dei bar heim i kiper.

Ro, ro, ro den båt...

Nede ved naustet var det liv og røre: 4 robåtar låg på sjøen og rorskarane Hein Bondevik og Terje Sørås gav elevane opplæring i kunsten å ro. Det var heilt nødvendig å kunna for dei som budde i Vinnesholmen før moloen ut dit var ferdig i 1968. Både tobeinte og firbeinte måtte i robåt for å koma seg til fastlandet.

Vassgraut, lappar og smør

Inne i husmannskjøkkenet var det full aktivitet. Ei gruppe steikte surmjølkslappar saman med Ragnhild Bjørke, andre kokte vassgraut og laga smør saman med Ella Marie B. Vangsnes. Saup vart ein svært populær drikk! Vassgraut med sjølvlaga smørauga og nysteikte lappar gjekk også ned på høgkant. Oppskrifter finn de her på heimesida (PDF, 149 kB).

Tautrekking

På vollen framfor løa leia Sigurd Gjuvsland og Bodil Marie Torgersen an i leikar frå før i tio: Det vart vippa pinne og leika hauk og due. Leikøkta vart avslutta med hard tautrekking i det våte graset.

11. mai skal sjetteklassingane på besøk på offisersgarden Engevik og Engevikhavn. 
 

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 03.05.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30