Aktuelt frå kommunen

Husmannsdag i Vinnesholmen 2013

Husmannsdag i Vinnesholmen 25.4.2013 - Klikk for stort bileteHusmannsdag i Vinnesholmen 25.4.2013 Hilde Haraldseid Torsdag 25. april var det liv og røre i Vinnesholmen, då 51 forventningsfulle 5. klassingar frå heile Fusa fekk prøva seg som husmenn for ein dag. Roing, husmannskost, veding, leikar frå før i tio, husdyr og fôr stod på programmet.

Ku og kalv

Kua Marion frå Djupvik let seg prøvemjølka av ivrige barnehender - om att og om att. Kalven hennar var òg med i Vinnesholmen, og let seg villig kosa med av dyrekjære 5. klassingar. Dei fekk òg prøva seg på å laga halmbør - og bera den. Alt under kyndig rettleiing av bonde Magne Gjuvsland

Handamakt

Det var mykje bering og mykje arbeid som måtte gjerast med handamakt på ein husmannsplass. Elevane fekk bera småved i kiper. Før dei kom så langt, var dei i aksjon med sag og øks: Dei kvista, saga og kløyvde ved. Bonde Olav Flølo instruerte og såg til at alt gjekk forsvarleg for seg.

Ro, ro, ro din båt

Før moloen vart bygd i 1968 var Vinnesholmen ein skikkeleg holme utan fastlandssamband. Då var det viktig å kunna ro. Ved naustet venta Hein Bondevik og Leif Tholo med redningsvestar og robåtar. Nokon av 5. klassingane hadde aldri teke i ei åre før, andre kunne rokunsten - og alle fekk prøva seg. Det var gledeleg stille på fjorden etter den sterke vinden tidlegare i veka.

Vassgraut og saup

I husmannskjøkkenet venta Ragnhild Bjørke og Ella Marie Brekke Vangsnes med gamle oppskrifter, surmjølk, byggmjøl og fløyte. Dei unge kokkespirane trylla fram surmjølkslappar, vassgraut, smør og saup - og alle våga seg på prøvesmaking av den litt uvande maten.

Vippa pinne

På vollen nedanfor løa var det leikar frå før i tio saman med leikleiarane Bodil-Marie Torgersen og Solfrid Gjuvsland. Det var godt å få springa litt i det kalde vêret, og det fekk elevane gjera både i "Hauk og due" og "Vippa pinne". Tautrekkinga var kanskje likevel det mest populære?

Fusanisto

Husmannsdagen var del av det lokalhistoriske undervisningsopplegget "Fusanisto". I løpet av barneskuletida får alle elevane i Fusa vera med på fornminnedagar skipa til av Hordamuseet og lokalt tillaga aktivitetsdagar i Vinnesholmen, på Eidegrend klyngjetun og på Engevik Gaard. Det heile vert avslutta med felles leirskuleopphald på Hålandsdalen leirskole for alle 7. klassingane i kommunen.

Bortimot blikkstille i Vinnessundet Full konsentrasjon rundt steiketakka Grautetarar Halmbør Husmannsdag i Vinnesholmen Husmenn ved løa I vedaskog Iherdig rorsjente Ivrige grautkokarar Konsentrerte sagarar Kvisting Lappesteiking Mjølking av Marion Nistepause i der fri Nistepause i eit tre Nylaga smør Roarane er klare til sjøsetjing Rydding Salt i grauten Skjenking av saup Tautrekking Trebåt eller plastbåt - kva er best å ro? Vedkløyving Vippa pinne Vippa pinne - klar-ferdig-gå

Publisert av Heimesidegruppa. Sist endra 30.04.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30