Aktuelt frå kommunen

Husmann for ein dag

Olav Flølo leiar kua ut av løebygningen i Vinnesholmen. Foto. - Klikk for stort bilete

30. april inntok vel 60 femteklassingar frå heile Fusa Vinnesholmen for å prøva seg som husmenn for ein dag. Dagen inneheldt både hardt arbeid, leikar frå "før i tio" og livlege dyr. Husmannsdagen er del av det lokalhistoriske undervisningsoppleget "Fusanisto".

Frå hardt liv til idyll

I dag er Vinnesholmen ein idyllisk ferieplass og eit offentleg friluftsområde. For hundre år sidan var det ein veglaus og snau holme med ein liten husmannsplass. Livet der kunne vera hardt. Det meste måtte gjerast med handamakt. Femteklassingane fekk smakebitar frå eit slik liv på Husmannsdagen. "Me trudde ikkje heilt på deg, då du sa at me kom til å merka at det var eit hardt liv," sa ein av elevane som sat i husmannsstova og prøvde å få fløyte til å bli smør inni eit syltetøyglas. "Men jammen var det sant!" Elevane var likevel i godt humør og viste iherdig innsats - anten det galdt å laga smør på "juksemåten", røra i vassgrauten, bera høybør, saga og kløyva ved, ro og ausa ein gammal oselvar eller trekkja tau.

Kunnige instruktørar og viltre dyr

Lokale bønder, ungdommar og pensjonistar var med som kyndige instruktørar. Årets ku - av gammal rase - var ikkje heilt fornøgd med å bli plassert i den gamle floren, så det var diverre ikkje råd å la alle få prøva seg på mjølking, slik elevane har fått før på Husmannsdagen. Kua vart meir husvarm etter kvart.

Det bur både geitekillingar og villsauer i Vinnesholmen for tida, og dei var populære hjå elevane. Killingane ville gjerne vera med på leiken nedfor løa. 

Dansketid på Engevik Gaard

Neste aktivitetsdag i "Fusanisto" er onsdag 13. mai på Engevik Gaard, der 6. klassingane får eit glimt tilbake til dansketida på den gamle offisersgarden.

Olav Flølo leier kua om bord i dyrehengjaren i Vinnesholmen, medan eigar Magne Gjuvsland og avløysar Bente Dankertsen ser til at alt går bra. Foto. | Fotograf: EMBV Olav Flølo (på traktoren) var med som instruktør på vedarbeidet, Magne Gjuvsland (t.v.) og Bente Dankertsen (t.h.) i fjøset med mjølking og stell av ku, og dei lærde elevane å laga høybør. Ragnhild Bjørke (i midten) styrte lappesteikinga i husmannskjøkkenet. Foto. | Fotograf: EMBV Elevane fekk prøva å ro både oselvar/trebåt og plastbåt. Instruktørar var Hein Bondevik og Bjørn Kilen. Foto. | Fotograf: EMBV Fotograf: EMBV
Elevgruppe frå Fusa og Holdhus er klare til å smaka på vassgraut og smør i husmannsstova i Vinnesholmen. Foto. | Fotograf: EMBV Fotograf: Ingeborg Vangsnes Bodil-Marie Gjuvsland og Ingeborg Vangsnes var med som leikinstruktørar. Tautrekking var ein populær aktivitet. Foto.  | Fotograf: EMBV Fotograf: Ingeborg Vangsnes
Kven greier å fanga pinnen? Foto. | Fotograf: Ingeborg Vangsnes Geitekilling gneg på bagasjebrettet på ein sykkel. Foto. | Fotograf: Ingeborg Vangsnes Fotograf: EMBV Olav Flølo leiar kua ut av løebygningen i Vinnesholmen. Foto. | Fotograf: EMBV
Den første smørklatten er klar etter iherdig risting av ein fløyteskvett i syltetøyglas. Foto. | Fotograf: EMBV Instruktør Ella Marie Brekke Vangsnes. Foto. | Fotograf: Ingeborg Vangsnes F.h. Ragnhild Bjørke styrte lappesteikinga med stødig hand, Solfrid Bjørke Gjuvsland var kjøkkenassistent og Ingeborg Vangsnes var med som leikleiar. Foto. | Fotograf: EMBV Tre ivrige elevar ristar smør av fløyte i syltetøyglas, medan  ein alt kan beundra den ferdige smørklatten sin. Foto. | Fotograf: EMBV
Instruktør Olav Flølo demonstrerer vedkløyving for elevane før dei får prøva seg. Foto. | Fotograf: Irene Opheim Godøy Husmannsplassen i Vinnesholmen. Foto. | Fotograf: EMBV
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 12.05.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30