Aktuelt frå kommunen

Husmann for ein dag i Vinnesholmen

Mykje måtte gjerast med handamakt og berast på husmannsplassen. - Klikk for stort bilete Sist torsdag fekk alle 5. klassingane i Fusa prøva seg som husmenn for ein dag i vakkert vårver i Vinnesholmen. Aktivitetsdagen var del av det lokalhistoriske undervisningsopplegget "Fusanisto". Takk til alle gode hjelparar, inkludert kua Magni, og entusiastiske elevar og lærarar for ein flott dag!

Aktivitetsdag

51 ivrige elevar fekk ro, mjølka ku, laga høybør, saga ved, rista smør, koka vassgraut, steikja lappar og leika leikar frå "før i tio".

Husmannsdagen er del av det lokalhistoriske undervisningsopplegget "Fusanisto". Kvar siste torsdag i april samlast alle 5. klassingane i kommunen i Vinnesholmen for å oppleva korleis det var å vera husmann i Fusa for 100 år sidan.

Husmannshistorie

Ein husmann var ein som leigde jord hjå ein bonde for eit avgrensa tidsrom. Som regel varde leigetida livet ut. Men husmannsbarna kunne ikkje arva plassen - og ikkje alltid husmannskona heller, dersom mannen døydde først. Husmannen hadde plikt til å syta for hus på plassen og til å gjera pliktarbeid på garden.

Husmannsvesenet vart til fordi det var for mange folk og for lite jord her i landet på 1800-talet. I år 1900 var 20 % av innbyggjarane i Fusa busette på ein husmannsplass. Husmannsvesenet tok slutt rundt 1930.

Dei siste husmennene i Vinnesholmen var Engelina og Lars Vindenes, frå 1892 til 1930. Då fekk dei kjøpa plassen frå Vinnes-gardane, og han vart skild ut som eige småbruk med det flotte namnet Solholm. Den yngste dottera Elisa Henriette - "Liso" - arva småbruket i 1937. Ho testamenterte det til Fusa alders- og sjukeheim, og då ho døydde i 1983, overtok Fusa kommune den tidlegare husmannsplassen.  

Vern gjennom bruk

Husmannsplassen i Vinnesholmen vert teken vare på ved å bruka han som utleigebustad for feriegjester. Stiftinga Vinnesholmen restaurerte husmannsplassen og starta utleige til feriegjester i 1991. No er det Vinnesholmen kystlag som driv plassen for kommunen. 

Fotograf: Laila-Beathe M.Tveit Fotograf: Laila-Beathe M.Tveit Fotograf: Laila-Beathe M.Tveit Fotograf: Laila-Beathe M.Tveit Fotograf: Laila-Beathe M.Tveit Fotograf: Laila-Beathe M.Tveit Fotograf: Laila-Beathe M.Tveit Fotograf: Laila-Beathe M.Tveit Fotograf: Laila-Beathe M.Tveit Fotograf: Laila-Beathe M.Tveit Fotograf: Laila-Beathe M.Tveit Fotograf: Laila-Beathe M.Tveit
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 30.04.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30