Aktuelt frå kommunen

Hugs språkkafé i oddetalsveker

Vi i verda-arrangement - Klikk for stort bilete

Den internasjonale språkkafeen har starta opp att på nyåret og er open annakvar tysdag i oddetalsveker. Fusa tar i desse dagar i mot nye flyktningar frå Jemen, Syria og Iran og vi treng at fleire fusingar hjelper til og engasjerer seg i integreringsarbeidet.

Språkkafeen er ein møteplass for å praktisera norsk og knyta kontaktar mellom menneske. Tilbodet held til i dagsenterlokala i bygget til Fusa vidaregåande skule og kafeen er open frå kl 16-18 tysdagar i oddetalsveker. Det er gratis inngang og ope for alle interesserte. Her kjem kafegjester med mange nasjonale bakgrunnar.

Internasjonal mat

Det blir servert eit enkelt varmt måltid og du får fri frå middagslaginga og kan i staden få smaka mat frå eit internasjonalt kjøkken.

Sosialt og kjekt

På språkkafeen får du høve til å bli betre kjend med nye naboar og andre kulturar. Har du lyst til å prøva deg på andre språk og læra bort ditt eige språk? Du kan få litt hjernetrim saman med andre og få ein god latter. I tillegg blir du kjend med spennande menneske og kan dela ei god historie.

TA TUREN INNOM SPRÅKKAFEEN !

Arrangør er kulturkontoret i samarbeid med flyktningetenesta og Fusa frivilligsentral.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 27.01.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30