Aktuelt frå kommunen

Hugs språkkafé 28. august

Språkkafe i Fusa - Klikk for stort bilete

Tysdag 28. august er det sesongstart for Språkkafé i Eikelandsosen. Kafeen held hus i dagsenterlokala til Fusa kommune i bygget til Fusa vidaregåande skule. Alle interesserte er velkomne!

Kafeen er open frå kl 16.00 til 18.00. Du er velkommen til uformell samtale, språktrening, kulturutveksling og møte mellom menneske! 

På språkkaféen får ferske fusingar øvd seg på å praktisera norsk, og meir erfarne fusingar kan bli kjende med nye naboar og andre kulturelle bakgrunnar.

Det blir enkel middagsservering. Det er organisert barnepass til dei minste.

Språkkaféen blir arrangert av kulturkontoret i Fusa kommune i samarbeid med flyktningetenesta og Fusa frivilligsentral. Det er språkkafe annakvar veke i oddetalsveker.

Alle er velkomne!

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 28.08.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30