Aktuelt frå kommunen

Hugs bandtvang for hund

sauer - Klikk for stort bilete

I Fusa er det bandtvang i perioden 1. april til 31. oktober. Folk er ivrige til å gå på tur. Det er svært viktig at turgåarar respekterer reglane for hundehald og bandtvang - dei er til for å tryggja husdyr på beite både på innmark og i utmark. Hugs også å lata att grinda etter deg.

Felles interesse
 
Eit aktivt landbruk og eit aktivt friluftsliv har same interesse i ta vare på eit levande kulturlandskap. Då må ein respektera kvarandre, og for turgåarane inneber det at ein rettar seg etter dei reglar som gjeld og som er til for å tryggja husdyr på beite.
 
Lokal forskrift og hundelova
 
Bønder har kontakta Fusa kommune for å få hjelp til å informera både fastbuande og feriegjester om kva reglar som gjeld. Dette går fram av lokal forskrift om sikring av hund. Brot på desse reglane er straffbart og kan enda med bøter.
 
Det er heller ikkje fritt fram elles i året. I følgje Lov om hundehald skal lause hundar alltid bli følgde og kontrollerte på ein aktsam måte. 
 
God tur med hunden i band! 
 
Snarvegar:
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 18.06.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30