Aktuelt frå kommunen

Høyring: retningsliner for rusfrie arrangement

Sleepwalkers - Klikk for stort bilete

Framlegg til nye retningsliner for rusfrie ungdomsarrangement er lagt ut til høyring. Forslaget er utarbeidd av Fusa ungdomsråd. Retningslinene skal hjelpa lokale arrangørar til å laga gode rusfrie fritidstilbod til unge i Fusa. Høyringsfrist er 14. mai.

Ungdomsråd laga i 2013 retningsliner for rusfrie ungdomsarrangement. Desse skal no reviderast. 

Eit nytt framlegg (PDF, 48 kB) vert sendt ut til ei lokal høyring før framlegget går til politisk handsaming. Ungdomsrådet ønskjer å få innspel både frå lokale arrangørar, skular, elevråd, fagpersonar, engasjerte vaksne og ungdom i Fusa.

Med utgangspunkt i innspel frå lokale arrangørar er det òg laga ein mal for vaktinstruks. Denne kan tilpassast det einskilde arrangement og er berre rettleiande. Vi vi gjerne ha innspel om denne kan gjerast betre. Sjå vaktinstruks (PDF, 12 kB).

Korleis koma med innspel?

Innspel til endringar i retningsliner eller vaktinstruks kan sendast på epost til: post@fusa.kommune.no

Du kan også nytta skjema for høyringsuttale som ligg på heimesida til Fusa kommune.

I begge tilfelle er det fint om de skriv at det gjeld sak 17/75. Høyringsfrist er måndag 14. mai.

Er det spørsmål i saka, kan du kontakta kulturleiar Erik Vangsnes, telefon 56 58 01 53 eller epost: erik.vangsnes@fusa.kommune.no.

Meir informasjon:

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 25.04.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30