Aktuelt frå kommunen
Fotograf: GROM
Hugs søknadsfrist 1. mars om du treng barnehageplass fotograf GROM

Hovudopptak barnehage, SFO og kulturskule

1. mars er felles søknadsfrist for plass i barnehage, skulefritidsordning og kulturskule i Fusa kommune. I år må alle bruka elektronisk søknadsskjema her på heimesida.

Barnehage

Hovudopptaket gjeld både dei kommunale barnehagane og den private barnehagen på Vinnes. Meir informasjon om barnehagane finn du på sida om barnehagetilbodet i Fusa kommune.


SFO

Det kjem til å vera skulefritidsordningar ved alle barneskulane i kommunen, dersom det er nok søkjarar. Tilbodet gjeld elevar frå 1.-4. klasse. Meir informasjon om SFO-tilbodet finn du på sida om skulefritidsordningane i Fusa


Fusa kulturskule

Også kulturskulen har hovudopptak til skuleåret 2012-2013 med søknadsfrist 1. mars. Kulturskulen gjev opplæring individuelt og i små grupper på ulike musikkinstrument, i musikkteknologi, dans, måling/teikning og "Musikk i livets begynnelse". Undervisninga er desentralisert til skulebygg rundt om i kommunen. Meir informasjon finn du på sida til Fusa kulturskule.

Ta kontakt med barnehage/SFO/kulturskule om du treng hjelp og rettleiing til å fylla ut søknadsskjemaet eller har andre spørsmål!

Søknadsskjema:


Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 27.02.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30