Aktuelt frå kommunen

Høner og lunsj i Losjehagen

Grilling i Losjehagen januar 2016 (Søre Fusa oppvekstsenter) - Klikk for stort bileteGrilling i Losjehagen januar 2016 (Søre Fusa oppvekstsenter) Britt-Mari Gjerde

Søre Fusa oppvekstsenter nytta det kalde, fine vêret i sist veke til å eta lunsj ute i Losjehagen - saman med hønene, som bur der heile året.

Kjekkaste lunsjen

"Vi tente bål i grua og grilla pølser og ostesmørbrød. Det var kaldt men veldig kjekt – den kjekkaste lunsjen på lenge, meinte ein av elevane," fortel rektor Britt-Mari Gjerde

Losjehagen

Losjehagen er eit uteområde knytt til Søre Fusa oppvekstsenter. Hagen vert nytta både til uteklasserom og andre aktivitetar som utandørs julefest, og oppvekstsenteret sine høner held til her. No ligg Losjehagen i vinterdvale - bortsett frå hønene. Gjerde melder at dei klukkar og verper egg kvar dag, og at det visst var ekstra stas å ha heile skulen der på lunsjbesøk: "Hønene hadde mykje å meddela, etter kaklinga å dømma".

Arbeid med hønene

Rektor fortel at elevane på skulen har ulike ansvarsoppgåver rundt hønene. Nokre plukkar egg og registrerer kor mange egg det kjem kvar dag. Andre har ansvar for å sleppa ut hønene om morgonen, og ta dei innatt ved skuleslutt. Ei gruppe elevar sørgjer for mat og vatn og reinhald i hønsehuset.  

Fotograf: Britt-Mari Gjerde Fotograf: Britt-Mari Gjerde Fotograf: Britt-Mari Gjerde Fotograf: Britt-Mari Gjerde
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 25.01.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30