Aktuelt frå kommunen
Ordførar Hans Vindenes med medaljevinnarar frå EM i karate Lena Skåtun og Camilla Straumsnes | Fotograf: Erik Vangsnes
Lena Skåtun og Camilla Straumsnes saman med ordførar Hans Vindenes fotograf Erik Vangsnes

Heider til karatejenter

Karatejentene Lena Skåtun og Camilla Straumsnes, som har hatt stor suksess i EM, fekk velfortent heider i kommunestyret onsdag 20. juni.

Lena Skåtun og Camilla Straumsnes frå Fusa karateklubb vart invitert til siste kommunestyremøte før ferien for å gjera stas på prestasjonane deira frå Europameisterskapen i Paris 1.-3. juni. Dei vart møtt med stor applaus frå kommunestyret.

Idrettshistorie
Kulturleiar Erik Vangsnes introduserte ungdomane og fortalde m.a. at Camilla Straumsnes skreiv idrettshistorie då ho vart Europameister for junior. Gullmedaljen hennar er den første til ei norsk jente nokon gong i ein internasjonal konkurranse. Den kom i klasse 16-18 år i kata – mønster. Ho var også beste norske deltakar, uansett kjønn.

Seks fusamedaljar
Lena Skåtun følgde godt opp med bronse i kumite i same aldersklasse. Desse to Fusa-jentene utgjorde også 2 av 3 norske deltakarar i lagkonkurransen for jenter. Dei kom til finalen både i kumite og kata og fekk med seg heim sølv i begge konkurransane. Etter det ein forstå var det nære på at dei sikra seg gull. 6 medaljar totalt til Fusa er fantastisk. For Camilla er det 4. EM med medalje for Norge.

Juniorlandslaget
Begge jentene er på juniorlandslaget og har der med seg Benjamin Skåtun og Hans André Skåtun. Fusa karateklubb driv ein stor aktivitet og har oppnådd fantastiske resultat på få år. I dag er det Lena og Camilla som står fram som dei beste ambassadørar frå dette miljøet.

Takk til støtteapparatet
Blomar og gratulasjonane går sjølvsagt til Lena og Camilla i dag, men vi må også hugsa å takka og gratulera dei som står bak og gjer dette mogeleg som lagleiarar, trenarar og føresette, sa Vangsnes.

Ordførar Hans Vindenes delte ut blomar og sa han var svært stolt over prestasjonane desse to jentene har levert.

Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30