Aktuelt frå kommunen

Heider til EM-medaljørar

EM-medaljørar karate - Klikk for stort bileteEM-medaljørar karate Erik Vangsnes  Anni Skåtun og Camilla Straumsnes frå Fusa karateklubb vann nyleg sølvmedaljar i kadett-EM i karate. Tysdag vart dei heidra i kommunestyret.

 

 

Ordførar Hans Vindenes bydde på ekslusiv EM-kake til dei unge karatetalenta som var gjester i kommunstyret tysdag. I følgje ordføraren er det blitt ein fast tradisjon å heidra lokale karatetalent etter internasjonale meisterskap i siste politiske møte før ferien. Så også i år.

Kadett-EM

I år hadde Noreg fem deltakarar i Europameisterskapen i karate i den sokalla kadettklassen. To av desse var frå Fusa og Fusa karateklubb. Meisterskapen var i Serbia 24.-25. mai.

EM-veteran og debutant

Camilla Straumsnes er for medaljegrossist å rekna med medalje i fleire EM på rad. Ho har representert Noreg i 5 kadett-EM, og dette var siste året før ho går opp i eldste juniorklasse. Dei eldste juniorane konkurrerer saman med seniorklassen i eigne meisterskap. I år vart det sølv i kata, eller mønster, til Camilla Straumsnes, som er 18 år i år.

Den same bragda klarte Anni Skåtun som var ute i sin første internasjonale meisterskap.

Blomar og oppvising

I kommunestyret fekk dei flotte blomebukettar og godord av ordføraren for sine prestasjonar og si viktige rolle som ambassadørar for idretten både i Fusa og Noreg. Kommunestyret fekk også ei kort oppvising av dei to karatejentene til stor applaus.

Heider til Fusa karateklubb

Blomar og lovord vart det også til leiar i Fusa karateklubb Rune Opheim. Fusa karateklubb er den klubben som har levert flest utøvarar til det norske landslaget i seinare år. Klubben har godt over 100 aktive medlemer frå 7 til 61 år og syner at dei har både stor breidde og store talent!

Anni Skåtun (t.v.) og Camilla Straumsnes sprettar EM-kaka i Kommunetunet 18.6.2013. | Fotograf: Erik Vangsnes EM-medaljørane vart heidra med kake og blomar 18.6.2013. | Fotograf: Erik Vangsnes F.v. leiar i Fusa karateklubb Rune Opheim, Camilla Straumsnes, Anni Skåtun og ordførar Hans Vindenes. | Fotograf: Erik Vangsnes EM-medaljørane takka for blomane med ei minioppvising. | Fotograf: Erik Vangsnes Camilla Straumsnes og Anni Skåtun vart heidra på kommunestyremøtet 18.6.2013. T.v. Rune Opheim, leiar i Fusa karateklubb. T.h. ordførar Hans Vindenes. | Fotograf: Erik Vangsnes
 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 19.06.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30