Aktuelt frå kommunen

Heider til Anni Skåtun

Anni Skåtun og Hans Vindenes - Klikk for stort bilete

Anni Skåtun frå Fusa karateklubb kom heim med to gullmedaljar frå europameisterskapen i karate for juniorar. Tysdag vart ho feira med kake saman med ungdomsrådet og blomar frå ordførar Hans Vindenes.

Anni Skåtun har følgd opp den etter kvart stolte tradisjonen med internasjonale medaljar til unge karateutøvarar frå Fusa.

I pinsehelga representerte Anni Skåtun Noreg i europameisterskapen i karate for yngre junior, eller det som innanfor karate vert kalla kadettklassen. Meisterskapen gjekk i Bochum i Tyskland.

Anni vann først gull i stilarten kata, der utøvarane går i mønster. Seinare i meisterskapen vann ho gull for lag i kumite, som er kampforma. Gullet vann ho saman med Ida Engelberg (Stange karateklubb) og Elene Kolstad (Lura karateklubb). Dette var eit tett og tøft oppgjer, sjå omtale i BT.

Anni vart invitert til siste møte i Fusa ungdomsråd før ferien 2. juni. Her vart det gullkake, helsing og blomar frå ordførar Hans Vindenes. Heile Fusa gratulerer!

Kake til EM-vinnar - Klikk for stort bilete

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 03.06.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30