Aktuelt frå kommunen

Haustferie-SFO på Fusa

11 glade barn på sykkeltur til Skjørsand under Haustferie-SFO-veka på Fusa 5.-9. oktober 2015. Foto. - Klikk for stort bilete11 glade barn på sykkeltur til Skjørsand under Haustferie-SFO-veka på Fusa 5.-9. oktober 2015. Foto. Linda Ann Lohne

Sist veke deltok 13 aktive barn på felles haustferie-SFO for alle skulane i Fusa kommune. Ut på tur for TV-aksjonen, sykkeltur, lego og brevduer er nokre av stikkorda for SFO-veka. 

Støtte til TV-aksjonen

I skulen sin haustferie får alle skulebarna i Fusa kommune tilbod om felles skulefritidsordning (SFO) på Fusa oppvekstsenter. Linda Ann Lohne er SFO-leiar, og ho fortel om ei veke med mykje aktivitet.

"Vi var på fjelltur til Ludden tysdag for å støtta TV-aksjonen "Støtt regnskogen". Med 13 bidrag i turboka blir det klingande mynt i kassa til TV-aksjonen frå oss på SFO," seier Lohne.

Brevduebesøk

Onsdag tok SFO-gjengen bussen til Bergegrend for eit spennande besøk med omvising i eit brevduehus. Her vart det òg arrangert ein konkurranse for både duer og barn. Alle fekk plukka ut si eiga due og så var det brevdueslepp frå Fusahalvøya. Den raskaste dua brukte knapt 5 minuttar på distansen. Linda Ann Lohne fortel at det var full jubel då duene kom flygande tilbake, og at barna var flink å plystra dei inn.

Etter brevduesleppet var det leikeaktivitetar som å kasta på boks, kongespel, gjømsel og turning i turnringar. 

Legosamarbeid

Torsdag var det ny konkurranse - denne gongen med lego, og der samarbeid var målet. Barna gjekk saman to og to og fekk ei oppgåve som dei skulle samarbeida om. Om ettermiddagen var det gymsalaktivtetar.

Haustferie-SFOen vart avslutta med sykkeltur til Skjørsand og bingo og vaffelsteiking på skulen etterpå.

På veg til Ludden: Ein munter barneflokk på tur i skogen. Foto. | Fotograf: Linda Ann Lohne Brevduesleppkonkurranse: 
Spente SFO-barn lurer på kven av duene som kom først inn. Foto.  | Fotograf: Linda Ann Lohne Helena Karin får halda ei brevdue. Foto. | Fotograf: Linda Ann Lohne Legosamarbeid: Ivrige ungar i arbeid ved den store legohaugen. Foto. | Fotograf: Linda Ann Lohne Gymsalsaktivitet: Klatring i ribbevegg og balansering på benk i gymsalen. Foto. | Fotograf: Linda Ann Lohne På sykkeltur til Skjørsand. Foto. | Fotograf: Linda Ann Lohne
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 13.10.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30