Aktuelt frå kommunen

Haustferie på SFO

Ivrige klatrarar i buldreveggen i Fjorden arena på SFO i haustferien. - Klikk for stort bileteIvrige klatrarar i buldreveggen i Fjorden arena på SFO i haustferien. Linda Ann Lohne Du trur kanskje det er kjedeleg å vera på SFO i haustferien? Slett ikkje! I alle fall ikkje i Fusa. Her var det full fart med spennande aktivitetar heile veka. Det vert meldt om at både små og store på haustferie-SFO har hatt ei super veke.

Det starta med skogstur måndag og sidan har det gått slag i slag med konkurransar, baking, kino, leik og formingsaktivitetar, fortel SFO-leiar Linda Ann Lohne og skryter av den kjekke gjengen ho hadde med seg i haustferien. Denne gongen deltok elevar frå fire skular: Eikelandsosen, Søre Fusa, Vinnes friskule og Fusa skule.

Fjorden arena

Tysdag var det tid for spennande besøk i Fjorden arena. Der fekk barna leika og turna i idrettshallen og testa ut buldreveggen i klatrehallen. Det var òg høve til å bruka sparkesykkel på skatebanen utandørs. 

Kreative inneaktivitetar

Barna fekk utfalda seg på sløydsalen, der det vart laga både båtar og artige figurar. 

Dei rigga til kino på skulefritidsordninga. Då vart det servert saft og popcorn, som seg hør og bør på kino, fortel SFO-leiaren.

På fredag avslutta dei haustferien med kanonballturnering i gymsalen. Og kva passar betre om hausten enn å baka eplekake?

Her kan du sjå foto frå haustferie-SFO.

Fotograf: Linda Ann Lohne Fotograf: Linda Ann Lohne Fotograf: Linda Ann Lohne Fotograf: Linda Ann Lohne Fotograf: Linda Ann Lohne Fotograf: Linda Ann Lohne Fotograf: Linda Ann Lohne Fotograf: Linda Ann Lohne
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 14.10.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30