Aktuelt frå kommunen

Harry Potter-dag i biblioteket

Harry Potter skjold lite - Klikk for stort bilete

Har du ikkje fått brev frå Galtvort, eller er du redd du verkeleg er ein gomp? Kom på biblioteket på laurdag 10. februar, der alle er magiske og vi tar steget saman inn i Harry Potter si fantastiske verd.

 

Laurdag 10. februar kl 10-14 er det Harry Potter-dag i Fusa folkebibliotek, som held hus i Kommunetunet på Leiro i Eikelandsosen.

Dette er dagen for alle Harry Potter-vener:
 
Vil du vite kva for hus du høyrer heime i?
Vil du lage di eigen tryllestav?
Vil du delta i Huscupen og løyse magiske utfordringar?
 
Dette og meir til får du på biblioteket!
 

 Harry Potter skjold stort - Klikk for stort bilete

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 06.02.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30