Aktuelt frå kommunen

Har du hugsa å ta influensavaksine?

Sprøyte influensavaksine - Klikk for stort bilete

Kvart år må 5000 personar i Noreg leggjast inn på sjukehus på grunn av influensa, og 900 personar døyr kvar vinteren på grunn av denne virussjukdomen. Kommuneoverlege Klaus Melf minner om at risikoen for å bli influensasjuk blir betydeleg redusert dersom du er vaksinert. Og det er ikkje for seint enno.

Influensavaksine er god eigenberedskap og samfunnsberedskap

Du kan vera smittsam med influensa sjølv om du har milde eller ingen symptom.

Vaksinasjon førebyggjer sjukdom, reddar liv, gir betra folkehelse, reduserer bruk av antibiotika og kan spara samfunnet for store utgifter.

Kven bør ta influensavaksine?

Du tilhøyrer risikogruppa og bør vaksinera deg dersom du er:

  • gravid etter 12. veke
  • barn eller vaksen med kronisk sjukdom 
  • over 65 år
  • helsepersonell
  • husstandskontakt til ein immunsupprimert person
  • ein som jobbar med svinerøkt eller har kontakt med levande grisar

Kvifor må du vaksinerast kvart år?

Influensaviruset forandrar seg frå sesong til sesong, og vaksinen må kvart år tilpassast dei virusvariantane som sirkulerer. Derfor trengst det ny vaksine kvart år.

Influensa kan føra til lungebetennelse og forverring av kroniske grunnsjukdommar, og nokon får varig svekka helse. Det er vist at vaksinasjon reduserer risikoen for slike komplikasjonar.

I tillegg er vaksinerte over 65 år mindre utsette for hjarteinfarkt og hjerneslag i influensasesongen enn dei som ikkje er vaksinerte.

Ta kontakt med legekontoret

Det er framleis tidleg i sesongen. Det er ikkje for seint å ta vaksinen. 

Ta kontakt med legekontoret ditt for å bestilla vaksinering.

Ønskjer du meir informasjon?

Du finn meir informasjon på folkehelseinstituttet si nettside om influensavaksine.

Sjå også folkehelseinstituttet sitt informasjonsskriv til risikogruppene.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 29.11.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30